torsdag 26. mai 2011

Bokmelding av romanen "Kaninbyen"

Romanen Kaninbyen er skriven i 2004 av Arild Rein. Arild ble født i 1960 i Stavanger. Arild Rein blei i 2008 kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar med boken ”Kaninbyen”. ”Kaninbyen” er ein del av ein trilogi, Stavangertrilogien, som også inneheld romanane ”Hundedagene” og ”Grisekoret”.

Romanen handlar om ein mann som heiter Jonny Roxmann. Vi får eit innblikk i hans liv. Han bor i ein kolonihage, i ei hytte som han arva av faren. Han klarer å leve der ved hjelp av forsikringssvindel og ved at han steler mat og diverse andre ting. Vi får høyre om hans planar om å opne ei bod under Gladmatfestivalen der han skal selja gourmet potetar. For å opna denne boden trenger han ein hjelpar og han trenger pengar til varene.
I romanen treffer Jonny ei asiatisk jente som heiter Kim. Det viser seg at Jonny liker Kim veldig godt og ønskjer å gifte seg med ho. Kim har noen skjulte løyndommar som ho ikkje fortel Jonny om i starten. Ho er framleis gift med sin dødssjuke mann, som hun skjuler i eit lite hus i hagen. Jonny får vite dette av søstera til Kim sin mann, seinare fortel Kim han om kvifor ho ikkje fortalde han om mannen sin i starten. Romanen endar med at politiet kjem til Jonny og spør etter Kim. Dei mistenkjer ho for menneskesmugling, men Jonny fortel ingenting.
Gjennom boka får vi høyre Jonnys tankar om oljebyen Stavanger, korleis hans syn på byen fungerar. Han meiner det er ein kaninby. Grunnen til at han meiner det er fordi dei som bor i Stavanger pular som kaninar.

Sjølv synes eg at denne romanen er heilt grei. Den er ikkje særleg spennande, fordi den handlar ikkje om noko som interesserer meg. Boka har ingen bestemt rekkefølgje på handlinga, det kan vere litt forvirrande og det er litt vanskelig og forstå sjølve handlinga i romanen. Dette er fordi det er vanskelig å understreke poenget til forfattaren. Eg er ikkje heilt sikker på kva forfattaren vil fram til. Romanen er nok ikkje ei bok eg ville valt å lesa på fritida, fordi den ikkje interesserer meg. Det einaste som er kjekt med boka er at eg kan kjenna meg igjen i miljøet, i og med at eg bur i Stavanger. Eg kjenner meg igjen i Gladmatfestivalen og i miljøet i Stavanger. Det at romanen bruker mange banneord viser kanskje at hovudpersonen skal stå fram som ein sint og uhyggeleg person. Det har eg fått inntrykk av. At forfattaren har brukt ein del humor i boka er positivt. Det gjør at det blir kjekkare å lesa. Språket i boka er ganske tøft. Det er brukt mye bandeord og eit grovt språk. Dette viser at hovudpersonen, Jonny, uttrykker seg med sterke ord også skjellsord.

Alt i alt var ikkje dette ei bok for meg.

Bilde: Kaninbyen
http://www.google.no/imgres?imgurl=https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEg7dp1hK9AI0kyHIHEpOzz3Tfbf3WLqR9QZpCRPmqCkLvVmCRJA_GdsIPTJ4T2d8uplIy4ScT8XhlqSdyK-UGLD-mrZs5dpauqJXI6lJN-Ji_Q4cB9EkQ6JObYiztZGO6Kupjf7uW0byXY/s1600/kaninbyen.jpg&imgrefurl=http://froya3.blogspot.com/2011/05/kaninbyen.html&usg=__ftzhAI_wLJXHb0nqj_Ne7fPdLBQ=&h=357&w=230&sz=16&hl=no&start=0&sig2=uVml28HI1v6U6mKW2Kv9yA&zoom=1&tbnid=80elvqQM2lMppM:&tbnh=141&tbnw=83&ei=X0XfTZb-GIresgb_88G-BQ&prev=/search%3Fq%3Dkaninbyen%26um%3D1%26hl%3Dno%26safe%3Doff%26sa%3DN%26biw%3D1280%26bih%3D680%26tbm%3Disch&um=1&itbs=1&iact=rc&dur=279&page=1&ndsp=35&ved=1t:429,r:0,s:0&tx=39&ty=94&biw=1280&bih=680


Kjelder:

2010. ”Arild Rein”. Wikipedia, artikkel. Lokalisert 14.04.2011: http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein

2004. ”Kaninbyen: roman”. Bokkilden, bøker. Lokalisert 14.04.2011: